Kategoriarkiv: Uncategorized

Lær å nå fram med ditt budskap

natahnInnovasjon Norge har fått den anerkjente coachen, Nathan Gold, til å komme til Molde og Ålesund for å lære våre gründere og bedriftsledere å presentere et budskap på en enkel måte.

Dette er et workshop-kurs der deltakerne lærer å fange interesse. Det vil si presentere seg og få den andre parten interessert i deg og ditt budskap. Du skal på få minutter klare å fange interesse og klart og tydelig fremføre hvem du er og hva du gjør, som er nyttig i forhold til kunder eller andre du skal nå frem til.

Alt foregår på engelsk, men veldig tydelig og enkel engelsk. Etter eget ønske kan den enkelte få individuell tilbakemelding.

Nathan kommer til Molde den 21. mars og til Ålesund dagen etter – den 22. mars

Kurset koster 450 kroner.  Med Aukra Næringsforums støtteordning for opplæring vil medlemsbedriftene få tilbake 50 % dersom de søker om det ved årets slutt.

Påmeldingsfrist den 15. mars

http://www.innovasjonnorge.no/nathangold/molde

http://www.innovasjonnorge.no/nathangold/alesund

Du kan lese om Nathan på LinkedIN   www.linkedin.com/in/nathangolg

 

Sparebanken Møre samla Aukras gommegrautkompetanse

Den ferske banksjefen i Sparebanken Møre på Aukra, Jan Egil Fornes (39) vil at banken skal framstå som meir enn ein kjedeleg grå bank. Derfor inviterte han Aukra-samfunnet til ei knallhard konkurranse om å lage den beste gommegrauten.

Det er moro at det skjer noko, seier Jan Egil Fornes som starta som banksjef i april. Han kom frå ein jobb som eigedomsmeklar i Molde tilbake til Gossen, der han er født og oppvaksen.

– Eg har ambisjonar om at banken skal være ein synleg samfunnsaktør her på Aukra og være engasjerte i lokalmiljøet. Denne Gommegrautkonkurransen er berre eit eksempel på dette. I tillegg må eg legge til at eg er Gommegrautentusiast, seier Jan Egil og ler.

Konkurransen samla 15 deltagarar som hadde laga sin eigen hemmelege versjon av den tradisjonelle grauten. Deltagarar frå 20- til 80- åra var samla i banklokalet på Falkhytta, og presenterte sin grautversjon for den godt kvalifiserte juryen, bestående av Olaug Bakkemyr, Bernhard Riksfjord og regionbanksjef Sigrid Gjendem Fjørtoft.

– Dette er festmat, som er lagd i ulike variantar i over 150 år. Et slikt arrangement er med å på ta vare på ein viktig tradisjon. Det er mange hemmelegheiter og triks, som juryen nok vil merke. Det er moro og sjå at dette er noko som appellerer til ei såpass brei målgruppe. Eg håpar me at har starta ein tradisjon her, seier Jan Egil.

Den jurist-utdanna Gossingen er fornøgd med å være tilbake på heimstaden, og med å ha fått ein spanande jobb.

– Det er kjekt å være banksjef i den einaste banken i ein av dei rikaste kommunane i Noreg, og ikkje minst i ein av dei kommunane med best økonomistyring – det er ein skikkeleg god drive i Aukra og det skjer mykje spanande, seier Fornes og viser spesielt til det planlagde bruprosjektet frå Gossen til Otrøya.

– Det er positivt at det skjer ting som gjer det attraktivt å bu her. Brua er ein nødvendig utviklingsfaktor, og avdelinga vår er tett knytta til Ålesund. Og om Møreaksen blir realisert vil det være med på å samle fylket på ein heilt anna måte enn i dag.