FSV Group i medvind: – Godt utgangspunkt for vidare vekst

Petter Thoresen var berre 16 år då han starta si første bedrift. Han starta med leppefisk som han leverte til lokale oppdrettsanlegg. I dag er han dagleg leiar for FSV Group som leverer til den same næringa. Men tenestene og omfanget er i ein heilt anna liga. Selskapet har fått langtidskontraktar med dei store, som gir et godt grunnlag for å ta nye markedsandelar.

Petter

– Ikkje ein rutinefyr
Interessa for oppdrettsnæringa har Petter Thoresen (32) tatt med seg frå tida han villfanga leppefisk, som oppdrettarane putta opp i mæra for å ete lus av fisken. I dag driv han i større skala, i eit selskap han var med å starte som har 14 faste tilsette. Dei eig to spesialbygde båtar som jobbar mot oppdrettsnæringa med ankerfortøying, frakt, slep og avlusing. I staden for leppefisk brukast det no hydrogen peroxid (H2O2) som sprøytast inn i mæra.

– Fartøya våre heiter Multi Server og Multi Pioner, og som namna seier kan dei brukast til mykje. Eg har alltid hatt interesse for oppdrettsnæringa og etter kvart båtar. Før eg vart med på å starte opp FSV Group jobba eg som økonom i PwC (konsulentselskap) i Oslo, men eg følgde med på oppdrettsnæringa heile vegen. Eg tenkte etter kvart at det ville skje noko på fartøyfronten i næringa, og det ser vi i dag stemmer, seier Petter Thoresen.

Er du den typiske gründeren som er ung og uredd?

– Eg har aldri vore ein rutinefyr, det kan eg seie. Ein kan heller ikkje vere redd når man skal starte opp noko slikt. Viss eg hadde vore tryggleikssøkjande hadde eg nok fortsatt i jobben i Oslo, seier Thoresen.

Godt utgangspunkt
Saman med fire andre kloke hovud starta han å utvikle båtar som var større og meir fleksible enn dei som eksisterte frå før. Endre Brekstad frå Tustna, som er teknisk sjef, har saman med Petter jobba fulltid i FSV Group frå starten.

Markanden er prega av stor konkurranse med dyktige aktørar som kjempar om jobbane. I følgje Thoresen kjempar dei om ein marknad på om lag 1,5 milliardar. Dei to største aktørane i oppdrettsnæringa, Salmar og Marine Harvest, har teikna to kontraktar etter at selskapet deira vart etablert. FSV Group fekk begge. 5-årskontraktane med dei store aktørane gir tryggleik for våre tilsette og underleverandørar. Det gir dei spelerom til å tenkje meir langsiktig.

– Me ser ein dreiing mot at kundane vil ha større båtar. Me er dei einaste på marknaden som har båtar over 15 meter. Så det verkar som me har treft godt med produktet vårt. No er det slik at me har to salskanalar, og det er båtane våre. God drift og fokus på HMS gir det beste utgangspunktet for meir sal, seier Thoresen.

Selskapet ser gode moglegheiter i marknaden. Dei skal fortsette å bygge båtar og auke arbeidsstoken som i dag tel om lag 16 årsverk, spreidd over heile Noreg.

– Oppdrettsnæringa er spreidd over heile kysten og det er arbeidsstokken vår også. Me er ikkje offisielt etablert med kontor nokon stad endå, men det viktigaste for oss er å være tett på kundane og prosjekta. Ein kan trygt seie at me er gode kundar med Norwegian og Widerøe, seier Thoresen.

Hektiske dagar
Selskapet har finansiert båtar for 80 millionar kroner, noko som betyr at god dialog mot bankar og investorar har vore nødvendig. Her har Petters bakgrunn kome godt med.

– Noko ein lærer frå å jobbe i store konsulentselskap er det å være strukturert og levere kvalitet. Å starte dette selskapet har satt krav om at kreativiteten vår måtte bli satt i system og gitt ei retning. Det har vore veldig tidkrevjande og det er travle dagar. Eg trur eg har hatt to helger fri sidan i sommar, men det er frivillig og veldig spanande, seier den unge gründeren og fortsett:

– Me ser at båtane er så funksjonelle at dei også kan vere aktuelle mot andre bransjar også. Men posisjon me allereie har opparbeida oss mot oppdrettsnæringa er et veldig godt utgangspunkt for å rulle vidare.

_PTH9888
Multi Server på testtur før den gikk ut i prosjekt. Båten er designa av Solstrand Trading i samarbeid med FSV og Group og Marine Harvest.