Forfatterarkiv: admin

Støtte fra RDA- fondet

Støtte kan gis til dekking av eksterne kostnader til kurs og opplæring så som; kursutgifter og utgifter i til reise og oppholde, kursmateriell etc.  RDA fond Aukra dekker 50 % av disse kostnadene med en grens oppad ut fra antall årsverk i bedriften.

  • 0 – 2 årsverk   inntil      kr   3 000
  • 3 – 6 årsverk   inntil      kr   4 000
  • 7 –15 årsverk  inntil      kr   8 000
  • 16–30 årsverk inntil      kr 15 000

Over 30 årsverk inntil    kr 30 000

Søknad om slik støtte må sendes pr. e-post til Aukra Næringsforum (steinar@aukra-naeringsforum.noinnen 20. desember 2012  inneholdende følgende spesifikasjon:

  1. Kort beskrivelse av kurset/opplæringen
  2. Når og hvor kurset ble avholdt
  3. Oversikt over hvem i bedriften som har gjennomført opplæringen
  4. Spesifikasjon av kostnadene som søkes dekt med kopi av underliggende faktura
  5. Kontonummer støtten skal utbetales til

Valde Aukra og friluft framfor Oslo og sushi

Sushi på fredagar

Full av energi

Full av energi: Det unge paret tar med seg jobbane heim til Gossen og tilfører næringslivet i Aukra nye og kreative tankar. Kort sagt byggjer dei opp under kommunens slagord; Aukra- full av energi!

Det unge ekteparet tok med seg jobbane sine, drog nordover, og etablerte seg i dei flunkande nye kontorlokala til Aukra Næringshage. Dei har begge tråkka sine barnesko på øya, men har budd på Austlandet dei siste åra. 

Stine, som arbeider som spesialrådgjevar i det Oslobaserte selskapet Animalia, er trygg på at dei har tatt det rette valet. 

– Dei siste åra har me vore her berre på ferie, så det er omstilling å arbeide og bu på øya. Eg har nok sakna sushien i Oslo, men no har dei fått det inn på Spar på fredagar, så no har me alt me treng, ler Stine. 

Stor marknad

Hallvard flytta frå Gossen allereie som sjuåring til USA, og har dei seinaste åra jobba i Oslo som arkitekt i Element AS. No har han etablert avdelingskontor i næringshagen og tatt med seg ein god portefølje frå Oslo.  På same har tid han fullt opp med lokale oppdrag. 
 
– Marknaden her i kommunen er veldig god, det gjeld eigentleg hele regionen. Her i Aukra er det eit variert næringsliv, ein positiv ”drive” og mykje nyutvikling som gjer området til ein spanande marknad. Så ligg me også fint til midt mellom Kristiansund, Molde og Ålesund, seier Hallvard.    
 
Han ønskjer å jobbe meir med innovasjonsutvikling i samarbeid med andre aktørar, både lokale og andre. Mellom anna jobbar han med eit prosjekt som har som mål å utvikle nye typar fasadar og bæresystem, som skal snu trenden med tjukkare og tjukkare veggar, ettersom isolasjonskrava blir strengare. 
 
– Me jobbar med å kartlegge lokal kompetanse, og har vore i kontakt med bedrifter som Brødrene Midthaug AS om eit prosjekt i Oslo me kallar Green House. Eit anna spanande selskap frå Molde er Fjordfiesta som laminerer egne møblar og produserer stolklassikaren Scandia. I dag jobbar me på eit spanande prosjekt saman med Aukra Næringsforum og Front Safety om å utvikle det gamle Sikkerhetssenteret til ein moderne næringshage, med hallar til praktisk tryggleikssopplæring, seier Huse. 
 

Inviterer til samarbeid 

Han er spesielt interessert i å kome i kontakt med lokal handverkarkompetanse og håpar på eit prosjekt der han kan samarbeide med skipsindustrien og båtbyggjarar i området. 
 
-Me held no på å lage ein studioverkstad i Sætervika for å kunne teste ut tankar og idear i større målestokk. Då er det lettare å oppdage hindringar og muligheiter som ideen har. Her ønskjer me å samle arbeidsgrupper frå fleire fagfelt for å stimulere til eit dynamiske og kreativt samarbeid, fortel Huse.  
 
Steinar Melbø, dagleg leiar i Aukra Næringsforum, er glad for å kunne gi tilflyttarar et tilbod om fasilitetar, og han jobbar iherdig for å legge til rette for nyetableringar i kommunen. 
 
– Me bør til ein kvar tid ha ledige lokale til potensielle nyetableringar og midlertidige arbeidsplassar. Derfor har me planer om å utvide næringshagen med fleire kontorplassar. No skal me også sjå på korleis me skal drifte næringshagen vidare. Mest truleg vil me opprette eit AS som skal drifte bygget og sikre at det blir drive på ein profesjonell måte. Det er vesentleg at aktiviteten er stor, og at dei som etablerer seg her trivst. Vår viktigaste oppgåve er å sørgje for å bidra til at Aukra kommune tiltrekkjer seg kompetent arbeidskraft, fortel Melbø.
 

Fakta:

Aukra Næringshage

Desse selskapa er etablerte i dag:
  • Front Safety
  • Aukra Næringsforum
  • GassROR IKS
  • Element Gossen
  • Animalia på plass i Aukra næringshage.

Langset Maritime AS

Maritime AS og Langset Offshore Service er fusjonert sammen til Langset Maritime AS. Selskapet driver utleie av personell med maritim kompetanse til skip og offshore, rederier og landbasert industri innen konstruksjon, byggeoppfølging og prosjektstyring.

Kontakt:

Web: www.maritime-as.no – www.langset.no

Adresse: Julsundet 355, 6409 Molde
Telefon: 415 84 380

Kontaktperson: Olav Myrseth Oterhals
Telefon: 974 84 380
E- post: olav.oterhals@langset.no

Aura Consulting

Driv mitt eige firma frå Aker Stadion i Molde. Veileder i endringsprosessar med hovedfokus på bedritskulturens betydning. Einaste i Møre og Romsdal som driv opplæring innan LØFT – løysingsfokusert tilnærming til utvikling.

Aura Consulting              Kontakt:
Julsundvegen 14             Audhild Mork
6412 Molde                    Tlf: 950 25 286

E-post: mork@auraconsulting.no
Web: www.auraconsulting.no